Kjørnes barnehage

Kjørnes barnehage ligg i Kjørnessvingen, på nedsida av vegen. Barnehagen er eigd og driven av Sogndal kommune. Barnehagen er no organisert i fire avdelingar: Kleivadn, Vetlebekken,Nyperusti og Furehaugen.

Kleivadn og Vetlebekken er for dei aller minste borna, og er "tradisjonelle" småbarneavdelingar.
Resten av borna, som er på  Nyperusti og Furehaugen, er to veker i på Nyperusti og to veker i den nye uteavdelinga vår, Furehaugen.
Den ligg rett utanfor gjerdet til barnehagen, og har eige garderobebygg og ein trelavvo med vedfyring.


Kjørnessvingen
6856 Sogndal
Tlf 57675173

Kontaktskjema

Nytt frå barnehagen

Påskefrokost og foreldremøte

Takk til alle som kom til påskefrokost i barnehagen i dag! Det er kjekt å arrangere når så mange hyggjelege folk kjem på besøk! Vi hadde også kjempegod oppslutnad på foreldremøtet tysdag. Etter påske vert det lagt ut eit samandrag av dei tilbakemeldingane vi fekk på heimesida .
Les meir »   11.04.2014

Foreldremøte i barnehagen 9.april kl.20.00

Vi minner om at det er foreldremøte i barnehage 9.april. Vi har leigd inn Anne Greve frå høgskulen til å snakke om leik, og videoen av dramaprosjektet "Skinnvotten" blir vist. Og så er det sjølvsagt evaluering av barnehageåret til slutt.
02.04.2014

CIMG4051.JPG

Barnehagedagen 2014

Tysdag 18.mars markerte vi barnehagedagen med ei reise bakover i tid. Vi har tidlegare utstilling av hatt bilete og leiker som dei tilsette i barnehagen har brukt som barn, og denne dagen reiste vi heilt tilbake til 1814. Det var då Noreg vart sjølvstendig land med eigen konge, eige flagg og regjering. Ungane fekk vere med på eit ekte val, med stemmesetlar og valurne. Det var moro og litt skummelt at dei vaksne hadde gamaldagse klede!
19.03.2014

teater 015.JPG

Heksestrekar!:)

Flott og spennande teater! Barna hadde det kjempemoro!!!
15.03.2014

To møte for barnehageforeldre i vår.

Onsdag 19.mars: Fellesmøte for alle barnehagane i Sogndal med tema MANGFALD. Onsdag 9.april: Foreldremøte i Kjørnes barnehage med tema LEIK.
Les meir »   04.03.2014

RSS

Kjørneskalendaren

Nasjonale barnehagenyhende

Barnehager har utviklet pedagogisk opplegg om miljø

09.04.14
Barnehagene i Ringebu kommune har utviklet et nytt pedagogisk opplegg om miljø til bruk i barnehager.
Les meir »

Kulturskolen vil inn i barnehagen

03.04.14
Norsk kulturskoleråd ønsker at kulturskolene skal ha et større tilbud til barn under skolealder. Derfor arrangerer de konferanse i Tromsø 8.og 9. april.
Les meir »

6 av 10 mener barnehagelærerne fortjener høyere status

03.04.14
Mens 60 prosent mener barnehagelærerne ikke har høy nok status, sier 75 prosent at denne yrkesgruppen har en viktig samfunnsoppgave.
Les meir »

Seks barnehagebarn fikk besøke kong Harald på slottet

01.04.14
Se video fra da seks unger fikk besøke kongen på slottet 18. mars.
Les meir »

PBL ønsker seg uavhengig tilsyn av barnehager

24.03.14
Private Barnehagers Landsforbund (PBL) mener det er feil at kommunene både skal eie og føre tilsyn med barnehagene.
Les meir »